“Soga om Sogn og Fjordane” er ferdig!

Tysdag 17. oktober blir “Soga om Sogn og Fjordane” lansert på fylkestinget i Florø.

Verket vil òg bli presentert på opne arrangement i Førde (Førdehuset) 17/10 og på Sandane (Nordfjord folkemuseum) og i Sogndal (Sogn Folkemuseum – De Heibergske Samlinger) 18/10, alle stader kl 19.00.

Andre nettstader vil no ta over for denne, som har vore nettstad for forskingsprosjektet:

Fagbokforlaget: omtale av verket, her kan ein også kjøpe verket eller einskildband.

Facebook-sida for verket: medieomtaler, omtaler av lanseringsarrangement og andre arrangement som vil kome, og smånytt.

Issue.com: innhaldsliste og fyrste kapittel for alle band – sjå band 1 | band 2 | band 3 | band 4

Cristin.no: om forskingsprosjektet “Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane” og liste over alle forskingspublikasjonar (artiklar, føredrag, intervju m.m.) i løpet av prosjektperioden

Status februar 2017

Arbeidet med Soga om Sogn og Fjordane nærmar seg no slutten. Manuskripta til dei fire banda vart fagfellevurderte, ferdigstilte av forfattarane og språkvaska i 2016. Register til banda er òg utarbeidde. Biletarbeidet nærmar seg slutten, og det ligg føre prøvelayout av eit utval sider. Utover vineren og våren vil forfattarane gjere seg ferdig med bilettekstane, og diagram og kart er under utforming i Fagbokforlaget. Kvart av banda vil ha kring 200 illustrasjonar. Dei fire banda vil bli lanserte samla hausten 2017. Me kjem tilbake til dato og detaljar.

Prosjektmedarbeidarane har i åra 2012-2016 stått bak kring 80 publikasjonar (artiklar, kronikkar, føredrag, intervju), sjå fullstendig liste i Cristin.

Ny nettstad

Velkomen til den nye nettstaden til fylkeshistorieprosjektet, som avløyser dei gamle siden på sfj250.no. Hovudinnhaldet på desse sidene vil vere informasjon om sjølve prosjektet og meldingar om aktiviteten. Det ligg òg noko stoff om historia til fylket her.

Seminar: Økonomisk og regional utvikling 1850-2000, Stryn 30. januar 2014

Fylkeshistorieprosjektet skipa til seminaret “Økonomisk og regional utvikling i Sogn og Fjordane 1850–2000” i Stryn 30. januar 2014.  Her følgjer program og presentasjonar.

11:00 Opning ved Sven Flo, ordførar i Stryn

11:15 Oddbjørn Bukve (professor i organisasjon og leiing, HiSF): Regional utvikling i Sogn og Fjordane etter andre verdskrigen [presentasjon]

11:45 Håvard Teigen (professor i regional økonomi og politikk, Høgskulen i Lillehammer): Tilfellet Sogn og Fjordane i norsk distriktspolitikk

12:15 Martin Byrkjeland (forskar og historikar, HiSF):
Den industrielle utviklinga i Sogn og Fjordane gjennom 1900-talet med vekt på storindustrien

12:45 Varm lunsj

13:45 Oddmund L. Hoel (førsteamanuensis i historie, HiSF): Industrialisering og tettstadutvikling i Sogn og Fjordane fram til 1940 [presentasjon]

14:15 Hege Roll-Hansen (førsteamanuensis i historie, HiSF): Treski eller lettmetall? Om visjonar for næringsutvikling i Sogn og Fjordane den fyrste etterkrigstida [presentasjon]

14:45 Ordskifte (m/kaffipause)

Seinast 18:00 Slutt

Seminar: “Folk og fylke før og no”, Sogndal 18. september 2013

Fylkeshistorieprosjektet skipa til seminaret som ein del av jubileumsveka der Sogn og Fjordane fylkeskommune markerte 250-årsjubileet til fylket. Her følgjer innlegg/presentasjonar frå seminaret.

Innbyding og program (Fylkesarkivet)

Referat: Serverte smakebitar frå fylkessoga (sfj.no, 19.9.2013)

10.00: Dekan Gunnar Yttri, HiSF: Velkomsthelsing.

10.05: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes: Fylket og historia.

10.15: Harald J. Krøvel: Opprørske eller disiplinerte bønder? Forholdet mellom styresmakter og allmuge i Sogn og Fjordane på 1600- og 1700-talet. [presentasjon]

11.15: Anders Timberlid: Kaupanger, Bergen og Leikanger – eit embete på vandring. [presentasjon]

12.15: Lunsj.

13.00: Oddmund Løkensgard Hoel: Den tvitydige moderniseringa; politikk og kultur i Sogn og Fjordane
fram til andre verdskrigen. [presentasjon]

14.00: Hege Roll-Hansen: Den moderne fylkeskommunen mellom demokrati og byråkrati. [presentasjon]

15.00: Ola Svein Stugu: Innleiing til sluttdiskusjon: Sogn og Fjordane som unntaksfylke?

15.30 Slutt.

Historieseminar i Florø 2. november 2012

Prosjektleiar og føredragshaldar Ola Svein Stugu
Prosjektleiar og føredragshaldar Ola Svein Stugu

I samband med lanseringa av band 1 i historia om Flora, heldt fylkeshistorieprosjektet eit seminar. Her følgjer program og somme innlegg/presentasjonar frå seminaret.

Innbyding og program.

Referat: Historiedag i Florø 2. november 2012 (Fylkesarkivet, 5.11.2012)

10:00 Opning v. Edvin Helgheim, prosjektleiar for fylkesjubileet og for Flora Kommune sitt historieverk

10:15 Ola Svein Stugu, hovudredaktør for fylkeshistoria: Unntaksfylket? Tema og tilnærmingar i fylkeshistoria for Sogn og Fjordane [presentasjon]

11.00 Harald Endre Tafjord, medforfattar av fylkeshistoria: Var Harald Hårfagre sogning? Sogn og Fjordane og rikssamlinga. [manuskript]

11.45 Anders Timberlid, medforfattar av fylkeshistoria: Kvifor kan Sogn og Fjordane feire 250-årsjubileum neste år?

12.30 Lunsj

13.30 Gaute Losnegård, forfattar av Flora-historia: Før byen kom. Flora fram til 1860. [manuskript]

Førebudde kommentarar av historikarane Atle Døssland [manuskript] og Finn Borgen Førsund [manuskript].

Spørsmål og disksjon.

15.30 Avslutning. Overgang til bokpresentasjon

Prosjektet offisielt i gang

Fylkessoga-sign
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, saman med dekan for avdeling for samfunnsfag Gunnar Yttri, historikar Oddmund L. Hoel og styreleiar Heidi-Kathrin Osland. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fredag 11. november 2011 signerte fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane avtala om å skriva eit historieverk om Sogn og Fjordane.

Les meir om hendinga: