“Soga om Sogn og Fjordane” er ferdig!

Tysdag 17. oktober blir “Soga om Sogn og Fjordane” lansert på fylkestinget i Florø.

Verket vil òg bli presentert på opne arrangement i Førde (Førdehuset) 17/10 og på Sandane (Nordfjord folkemuseum) og i Sogndal (Sogn Folkemuseum – De Heibergske Samlinger) 18/10, alle stader kl 19.00.

Andre nettstader vil no ta over for denne, som har vore nettstad for forskingsprosjektet:

Fagbokforlaget: omtale av verket, her kan ein også kjøpe verket eller einskildband.

Facebook-sida for verket: medieomtaler, omtaler av lanseringsarrangement og andre arrangement som vil kome, og smånytt.

Issue.com: innhaldsliste og fyrste kapittel for alle band – sjå band 1 | band 2 | band 3 | band 4

Cristin.no: om forskingsprosjektet “Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane” og liste over alle forskingspublikasjonar (artiklar, føredrag, intervju m.m.) i løpet av prosjektperioden

Status februar 2017

Arbeidet med Soga om Sogn og Fjordane nærmar seg no slutten. Manuskripta til dei fire banda vart fagfellevurderte, ferdigstilte av forfattarane og språkvaska i 2016. Register til banda er òg utarbeidde. Biletarbeidet nærmar seg slutten, og det ligg føre prøvelayout av eit utval sider. Utover vineren og våren vil forfattarane gjere seg ferdig med bilettekstane, og diagram og kart er under utforming i Fagbokforlaget. Kvart av banda vil ha kring 200 illustrasjonar. Dei fire banda vil bli lanserte samla hausten 2017. Me kjem tilbake til dato og detaljar.

Prosjektmedarbeidarane har i åra 2012-2016 stått bak kring 80 publikasjonar (artiklar, kronikkar, føredrag, intervju), sjå fullstendig liste i Cristin.

Ny nettstad

Velkomen til den nye nettstaden til fylkeshistorieprosjektet, som avløyser dei gamle siden på sfj250.no. Hovudinnhaldet på desse sidene vil vere informasjon om sjølve prosjektet og meldingar om aktiviteten. Det ligg òg noko stoff om historia til fylket her.

Prosjektet offisielt i gang

Fylkessoga-sign
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, saman med dekan for avdeling for samfunnsfag Gunnar Yttri, historikar Oddmund L. Hoel og styreleiar Heidi-Kathrin Osland. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fredag 11. november 2011 signerte fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane avtala om å skriva eit historieverk om Sogn og Fjordane.

Les meir om hendinga: