Om prosjektet

DS Framnæs 1859
DS Framnæs (1859), det fyrste skipet til Fylkesbaatane

Regionhistoria Soga om Sogn og Fjordane (4 band) er hovudresultatet av forskingpsprosjektet ”Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane”. Prosjektet gjekk ut på å utarbeida i eit publiseringsklart manuskript til bokverket som vart utgjeve i oktober 2017. Siktemålet har vore å skriva eit forskingsbasert historieverk for den historieinteresserte ålmenta gjennom å gje ei brei samfunnshistorisk framstilling av Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag. Redaktørar er Ola Svein Stugu og Hans Jacob Orning.

Verket er kronologisk disponert. Dei fire banda og forfattarane er:
1. Frå den eldste tida til 1763 (forfattarar: Harald Endre Tafjord og Harald Johannes Krøvel)
2. Tida frå 1763 til 1875 (forfattar: Jan Anders Timberlid)
3. Tida frå 1875 til 1945 (forfattar: Oddmund L. Hoel)
4. Tida etter 1945 (forfattar: Hege Roll-Hansen)

Verket tek både føre seg den økonomiske utviklinga, folketalsutviklinga, kulturelle og sosiale tilhøve, administrative endringar og viktige institusjonar i fylket. Det har vore sentralt i prosjektet å gje ei samlande forklarande framstilling som integrerer ei rekkje sentrale historiske tema.

Eit gjennomgåande perspektiv har vore samanlikning mellom andre fylke/regionar for å kartleggja særpreg og likskapar, og ikkje minst indre variasjon i fylket. Sogn og Fjordane er analysert som identitetsfellesskap i lys av at det er eit ’ungt’ fylke som fyrst vart oppretta som Nordre Bergenhus amt i 1763 utan å ha vore ei samla eining tidlegare. Dette reiser både viktige spørsmål om indre einskap og spenningar. Viktig har det òg vore å kartleggja årsakene til og konsekvensane av mangelen på eit historisk sterkt sentrum i fylket. I samanheng med dette har òg dei ytre kontaktane og dei indre kommunikasjonane i det topografisk utfordrande fylket vorte granska.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *