Aktivitetar

Opne seminar

Prosjektet har sidan 2012 skipa til følgjande opne seminar, åleine eller i lag med andre:

  • “Klosteret på selja, i Norge og i verda”, i samarbeid med Den norske historiske forening (avd. Sogn og Fjordane) og Klosterakademiet i Selje, Selje hotell 8.9.2012. [program/innbyding]
  • “Forsmak på fylkeshistoria og presentasjon av 1. bind av Flora-historia”, i samarbeid med Flora kommune, Flora samfunnshus 2.11.2012. [program og innlegg]
  • “Folk og fylke før og no”, jubileumsseminar i høve 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane, Sogndal 18.9.2013. [program og presentasjonar]
  • “Økonomisk og regional utvikling i Sogn og Fjordane 1850–2000”, Stryn hotell 30.1.2014. [program og presentasjonar]

Deltaking på andre tilstellingar

Forfattarane har vore mykje nytta som føredragshaldarar på andre tilstellingar. Sjå publikasjonslista i Cristin for fleire opplysningar.

Interne arbeidsseminar/prosjektmøte

Hovudsaka på dei felles arbeidsseminara er drøfting av kapittelutkast frå forfattarane, men alle andre spørsmål som vedkjem dei faglege sidene av prosjektet vert òg drøfta. Seminara vert kombinerte med innslag av lokalhistorikarar på dei aktuelle stadene og omvisingar/ekskursjonar. Sidan starten er desse arbeidsseminara haldne:

  • Sandane (Gloppen hotell), 30.9.2011.
  • Selje (Selje hotell), 18.-19.4.2012.
  • Florø (Quality Hotel Florø), 1.11.2012.
  • Sogndal (HiSF), 5.5.2013.
  • Leirvik i Hyllestad (Leirvik kro og motell), 7.-8.5.2014.
  • Førde (Sunnfjord Hotell), 18.-19.11.2014.
  • Sogndal (Hofslund Fjord Hotel), 19.-20.5.2015.

I tillegg vert det jamleg halde separate arbeidsseminar for band 1-2, leia av Hans Jacob Orning, og for band 3-4, leia av Ola Svein Stugu.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *