Publikasjonar

Hovudføremålet med prosjektet har vore å utarbeida manuskript til firebandsverket Soga om Sogn og Fjordane. Manuskripta vart ferdigstilte i 2016, og Soga om Sogn og Fjordane vart utgjeven av Fagbokforlaget 17. oktober 2017.

Undervegs har forfattarane og andre prosjektdeltakarar publisert ei rekkje artiklar og halde innlegg og føredrag. Sjå prosjektsida i Cristin for ei fullstendig og oppdatert liste over publiserte og upubliserte arbeid frå prosjektet.

Somme føredragsmanuskript og presentasjonar er tilgjengelege på sidene for dei eksterne seminara prosjektet har halde.

På denne nettstaden publiserer me eit knippe mindre arbeid om sentrale tema i fylkehistoria.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *