Kaupanger Hovedgård anno 1763

kaup1Kaupanger Hovedgård fekk ein sentral posisjon i 1763 då Joachim de Knagenhjelm vart utnemnd til den første amtmannen i det nystifta Nordre Bergenhus amt. Skipinga kom etter initiativ frå Knagenhjelm sjølv då han sat som fullmektig hjå stiftamtmann i Bergen, Ulrik Fredrik Cicignon. Han fekk ”efter sit eget Engagement” busetja seg i Kaupanger med den grunngjevinga å ” … være Almuen og de kongelige Betienter, samt Tingene, mere nær.”.

Av Jan Anders Timberlid

Dette var eit argument som vanskeleg let seg forsvara dersom vi ser Kaupanger sin geografiske posisjon i høve til resten av fylket. Tidlegare sat amtmannen for Bergenhus i Bergen og styrte. Men no skulle Kaupanger bli ein kortvarig administrasjonsstad, Knagenhjelm fekk berre ha dette embetet i åtte år. I 1762/63 hadde han kome i vanskar i samband med inndrivinga av den såkalla ekstraskatten, noko som gjorde at han i 1771 vart forflytta til Bodø. Her vart han seinare utnemnd til fylkesmann i Nordland der han vart verande fram til sin død i 1796. Etter 1771 vart embetsstaden flytta attende til Bergen der den vart verande fram til 1840 då det kom attende til fylket

Joachim KnagenhjelmJoachim de Knagenhjelm (1727-1796) var 36 år gammal då han som ugift kom attende til Kaupanger som amtmann.  Han var nest eldste son i ein søskenflokk på 12. Familien Knag hadde i 1721 overteke Kaupanger Hovedgård, same året fekk familien tillagt adelsnamnet –hjelm. I 1763 var det søstera, enkefru Wenche von der Lippe Knagenhjelm, som styrte godset etter at mannen kaptein Niels Peterson Sunde var død i 1754. I dei åra broren sat som amtmann, var det ho som dreiv godset ved hjelp av ein forvaltar. Men Joachim kom også med innspel i høve til drifta, mellom anna galdt dette skogen.

Kaupanger hovedgård – eit kongerike i Sogn og på Vestlandet

På det tidspunket Joachim Knagenhjelm busette seg som amtmann i Kaupanger, var Kaupanger Hovedgård eit kongerike som omfatta eigedommar i Sogn, i Sunnfjord og i Nord-Hordaland. I samband med at eigaren av Kaupanger, Iver von Ahnen, i 1685 gifta seg med enkefru Marie von Hatten på Losna, vart Losna-godset på 73 eigedommar også lagt til Kaupanger. Dermed nådde Kaupanger Hovedgård si høgd med omsyn til eigedommar, i nær 100 år, fram til 1771, låg det 136 gardar og gardepartar til godseigaren på Kaupanger. Godset hadde såleis store leigeinntekter frå dei gardane det åtte.

Jordbruksdrifta

Ei anna side ved godsdrifta var jordbruket, men denne delen representerte ikkje dei store verdiane trass den høge skylda godset hadde. Her var det skogen som utgjorde mesteparten. Skal vi dømma ut frå det godseigaren sjølv skreiv i året 1808, var det så dårleg at sjølv godset ikkje greidde å skaffa nok til eiga hushaldning:

 … men betragtes at Gaardens Jordskyld for det allermeste bestaaer af Fyrre Skov, altsaa af klippet og stenet Jord, hvor intet i Forhold til anden slags Jord vexer eller trives, hverken af Høe eller anden Avling, saa indseer man letteli , at hvad Gaarden indbringer af saadanne Ting langt fra forslaaer til mit Brugs nødvendigste Bestridelse, men derimod aarlig maa kjøbe af alle Deele her: Korn, Rug, Smør og Slagtefæe i store Quantiteter, ja indtil Høe naar det kan bekommes ….

Ser vi på storleik av buskap og åkerbruk opp gjennom tidene, hadde godset meir enn nok til å fø ein familie og dei folka som arbeidde der. Godseigaren sine vurderingar er gjort i samband med ei skattleggjing, og i ein slik samanheng var det viktig å få trekt ned omfanget av det som han skulle betala skatt av.

Når det gjeld talet på dyr, har vi problem med å skaffa oss skikkelege opplysningar frå den eldste tida. I og med at garden oppnådde status som adeleg setegard i 1636 og dermed hadde fått skattefritak, vil mange kjelder vera utan opplysningar for godset; grunnlaget for skatten kvilte mellom anna på jordbruksproduksjonen. Dei eldste oppgåvene er frå 1657/58 som seier at godset hadde fire hestar, 29 kyr, ein okse, 30 sauer, like mange geiter og fire svin. I eit matrikkelførearbeid frå 1723 står det at godset inkludert fire husmannsplassar hadde 3 hestar, 20 vinterfødde  kyr og like mange sauer og geiter. I eit skifte etter Catharina Knagenhjelm i 1772 (mor til amtmannen) kom det fram at godset hadde 14 vaksne kyr i tillegg til tre som var med kalv, 7 kviger, to oksar, fire hestar inkludert ein jelk (ein kastrert hingst), 13 sauer, fem geiter og to killingar. Det som overraskar er at det ikkje var meir enn tre hestar på godset i ei tid då skogsdrifta byrja å ta seg opp. I hovudsak var det leiglendingane og hestehusmannsplassane som hadde mesteparten av tømmerdriftene, men også fleire av drengene på godset tok del i dette arbeidet med godset sine hestar.

Skogs- og sagbruksdrift

Det som skulle verta sjølve grunnlaget for godset var skogen. Dette kjem fram i samband med det nemnde makeskiftet frå 1606 der eigaren Gjøde Pedersen fekk overdrege garden. Her vart det vist til ”.. en skiønn Furreskov som til Kopanger og Stedie ligger, hvilken langt bedre skal være end Gaarden selv.”.Den produktive skogen dekkar i dag 20.000 dekar, eller omkring 40% av godset sitt totalareal på omkring 50.000 dekar. Som nemnt vart Kaupanger utnemnd til adeleg setegard i 1636. Dette innebar ikkje berre at garden hadde skattefritak, men vel så viktig var det at godset kunne skipa trelast direkte til utlandet i staden for å gå gjennom næraste tollstad som i Bergen. Som det står i privilegiebrevet frå 1636 ”Og skal det være Indlendiske og utlendiske frit for med Skibe for hans Gaarde at indløbe, og de der at indtage, Dog vores og Norges Crones Told og Rettighed herudinden Uforkrenched i alle Maader ….”. Dette betydde at utanlandske skip kunne koma til Kaupanger og føra trelasten direkte til marknaden i utlandet. Sjølv om Joachim de Knagenhjelm ikkje hadde hand om drifta på Kaupanger Hovedgård, hadde han idear om skogsdrifta. Såleis ser vi at ein av dei første ideane om skogreising vart formulerte av han. I eit skriv datert Kaupanger 14. mai 1765 står det mellom anna:

Da der paa mange Stæder ingen Skov findes, hvor dog viiser Tægn til at gienstaaende Rødder  tilforn og i Ældgamle Tider at have været Fure Skov, saa skal een hver Jordbruger som ingen Skov haver, være forbunden at indsamle Furru Frøe og giøre Forsøg paa de dertil bequemme Stæder samme at saae, og deraf aarlig i det mindste at opælske og for Creaturernes Beskadigelse indhægne 30 Stykker saadanne unge Planter………

Arbeidskraft

Til å driva dette godset hadde godset leiglendingar, husmenn og tenestefolk. Den viktigaste av desse var husmennene som hadde plassane sine i nærleiken av hovudgarden. Talet på desse kjem fram i samband med ei skatteliste som futen sette opp i 1762.

Dei største plassane Havnen, Hagen, Brekka, Holten og Hola betalte årleg ei avgift på 4-5 riksdalar, dessutan kom pliktarbeidet på 24 og 31 arbeidsdagar som var gratisarbeid. Det var denne arbeidskrafta som skulle utgjera den viktigaste arbeidsstokken ved godset.

Ei atypisk bygd

I tillegg til Kaupanger Hovedgård finn vi også godset Øvre Amla i Kaupanger, det gjer bygda til noko atypisk i Vestlandssamanheng. Det som karakteriserte Vestlandet var eit egalitært samfunn, det vil seia at det var liten skilnad på folk. Med eit omfattande husmannsvesen vart det store forskjellar mellom godseigarane og dei andre som budde i bygda. Samanlikna med husmenn elles i fylket og på Vestlandet fekk husmennene i Kaupanger ein heilt spesiell funksjon. Her var dei reine jord- og skogbruksarbeidarar, ikkje berre på Kaupanger Hovedgård, men også på det andre godset. Avgiftene for plassane var svært høge samanlikna med det vi finn elles i fylket, dessutan vart denne betalt i arbeid. I tillegg eksisterte det ei uavgrensa arbeidsplikt etter at avgifta var betalt. Plassane kunne gje eit visst levbrød for ein familie, men ordninga med ein jordlapp var brukt av godseigaren til å skaffa seg billeg arbeidskraft til drift av garden, sagene og delvis skogen. Såleis kom husmennene her til å bli meir arbeidarar enn jordbrukarar.

Stor skilnad på folk – den strenge og den milde godseigar

Vilkåra til husmennene kjem fram i kontraktane som dei måtte skriva under på i samband med overtakinga. Innhaldet i desse vitnar om at husmennene var underdannige i høve til godseigaren. Det fanst eit eige punkt som sa noko om dette: ”Skal han og hans Huusfolk viise all sømmelig Ærbødighed, saavel i Ord som i Giærninger, mod mig som hans redte Huusbonde og Eier”. Dette tyktest å vera den vanlege formuleringa. Andre kontraktar kunne ha ei anna: husmannen  skulle ”….udvise sømmelig Ærbødighed, Underdanighed og Lydighed, ligesom han i sit Arbeid skal lægge for dagen Flid, Stadighed og Udholdenhed .”. Med slike formuleringar får vi bilete av at avstanden mellom godseigar og husmann var stor.

Men det fanst også ei meir formildande side ved dette forholdet; ei meir faderleg eller såkalla paternalistisk haldning som gjekk på å ta vare på folka sine. Paternalismen kravde av ein god godseigar at han skulle kjenna ansvar for folka sine, hjelpa dei med arbeid og korn i dårlege år eller pengar til å betala gjeld når dei hadde kome i knipe. Til vederlag venta han full lojalitet og at husmannen retta seg etter vilkåra som stod i kontrakten.

Kjelder

Berit Selseng og Jan Anders Timberlid: Sogndal bygdebok. Gods, gardar og folk. Kaupanger sokn, band 1-2, Sogndal sogelag 2012.

Riksarkivet: Rentekammeret. Dokumenter til Kammerets forestillinger 1754-1763.

(Skrive 2012)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *